Bendik Hustadnes vart 12 år i august, og har tidlegare i år vore på Lisje Eidskyrkja og nesten på Eidskyrkja i Austefjorden. No vil han utvide turrepertoaret sitt, og starta like godt med ein rusletur i skodda på Skårasalen, 1542 m.o.h.
Saman med mor Bjørg Edel, tante Tordis og bestemor Valborg la han ut på tur med friskt mot. Verken 1000 høgdemeter, 4 km motbakke eller spådomar heimafrå om at det kanskje var 0 grader på toppen, la nokon dempar på pågangsmotet. Ei heller den dystre innsikta om at skodda ikkje kom til å tillate noko utsikt på toppen.
Turmålet vart fastlagt kvelden før, og sekkane vart pakka med rundstykke, brownies, yoghurt, solbærtoddy og kakao. Utan mat og drikke dug nemlig helten ikkje, hadde nokon høyrt.

Bestemor Valborg var også med på turen
Lengst oppe i Kvistaddalen hoppa Bendik ut av bilen med eit smil og bana seg veg gjennom den tjukke skodda som låg tungt oppover fjellsida. Rundt turlaget dukka det av og til opp ein topp på andre sida av dalen, så vart alt kvitt igjen, og så kom det eit glimt av ein anna topp litt seinare. Då den første brownies-biten vart innteken eit stykke lenger opp, letta skodda litt på sløret, og pinaklar, vardar og stup bytta på å vise seg fram nokre korte augneblinkar medan skodda flaug i full fart rundt den litt forundra gjengen. Det var ”sjukt kult…”

Bendik likte synet av toppar og spir som vart avslørt i skodda
Oppe i dalen deler stien seg i to. Ein kan velje å fylgje snøtunga inn langs dalen og deretter gå langs ryggen mot toppen, eller ein kan gå rett opp frå inngangen av dalen og komme inn på ryggen igjen litt under toppen. Bendik fekk bestemme denne gongen, og valet fell på direktevarianten.

Bendik og mamma Bjørg Edel på veg inn i dalen under Skårasalen
Her fekk han prøve seg på å gå i småsteinete ur, der ein måtte vere litt oppmerksam så ein ikkje plutselig ramla på ein laus stein og vrikka foten. Det var litt vanskelig i starten, men så gjekk det fortare og fortare, og ikkje vart det nokon vrikka fot, heller. At det var bratt å gå gjorde ingenting, i fylgje Bendik. Det einaste han fekk beskjed om frå kroppen sin, var at eit lite gnagsår var på gang på den eine hælen. Han forsikra at det ikkje var nødvendig med noko pusling rundt han, men gjekk med på å få litt sportstape på den lett irriterande hudflekken.

På ryggen under toppen, med utsikt ned mot Kvistaddalen.
Turen vidare føregjekk i lyst og fint miljø, sidan skodda låg tett innpå turfylgjet og gjorde alt litt kvitt. Synd med utsikta, men smilet var likevel som fastmontert på både Bendik og dei andre, og alle var einige om at turen ikkje var mislykka sjølv om det var litt kaldt og kvitt…

Skrive i toppboka må ein gjere!
Toppen vart nådd med Bendik i soleklar tet, og sjølv om utsikta mangla fans det flust av byggverk å beundre. Tre enorme vardar og eit hus med vindauge i, nokon må ha hatt god tid der oppe! Eit par toppbilde vart knipsa, og all nista eten før gjengen traska nedover igjen, denne gong den andre vegen ned, mot skaret og snøtunga i lett terreng og med uvanlig god sti gjennom ura.

Heile gjengen på toppen
Ei kort oppsummering frå Bendik si side avslører at det beste med turen var å komme opp på toppen, sjølv om vi ikkje såg lenger enn til kanten framfor oss. – For då var eg sliten i låra. Og det verste var heilt klart å gå i den bratte steinura før vi kom opp på ryggen! Det var litt skummelt på grunn av småsteinane som kanskje ville rase vekk under meg.
Resten av gjengen vart ”grådig imponert” av Bendik som gjekk heile turen utan å klage, med eit smil rundt munnen og utan å verke sliten i det heile tatt. No byrjar planlegginga av neste tur, for fleire blir det!